Toomas Savi

estlandsk politikar

Toomas Savi (fødd 30. desember 1942 i Tartu) er ein estisk politikar. Han er medlem av Europaparlamentet for Eesti Reformierakond («Det estiske reformpartiet»), som er ein del av European Liberal Democrat and Reform Party.

Toomas Savi

Fødd30. desember 1942 (81 år)
Tartu
Statsborgar avEstland
PartiEesti Reformierakond (1994), Sovjetunionens kommunistiske parti (1961; 1990)
Yrkepolitikar, lege
Utdanna vedUniversitetet i Tartu
Alle verv
  • Medlem av Europaparlamentet (2004–2009)
  • Medlem av Europaparlamentet (2004–2004)
  • Riigikogus president (1995–2003)
  • medlem av det estiske Riigikogu Sjå dette på Wikidata

Toomas Savi er utdanna lege. Han vart uteksaminert frå Universitetet i Tartu i 1970, og spesialiserte seg i idrettsfysiologi i 1975. Han har arbeidd både som praktiserande lege og som forskar.

Han vart politisk aktiv på slutten av 1980-åra. Frå 1989 til 2000 var han i fleire periodar medlem av bstyret i Tartu. Frå 1993 til 1995 var han viseordførar i Tartu. I 1994 vart han medlem av reformpartiet, og i 1995 vart han vald inn i den estiske nasjonalforsamlinga, Riigikogu, der han i to periodar var parlamentspresident. Frå 2003 til 2004 var Savi visepresident i Riigikogu og observatør i Europaparlamentet. Våren 2004 vart han vald inn i Europaparlamentet, der han vart den einaste representanten frå partiet sitt.

Som idrettslege og ivrig sportsutøvar var han i 1989 med på å grunnleggje Den estiske olympiske komiteen, der han vart visepresident i 2008. I 1999 vart han også president i Det estiske skiforbundet.