Topdalsfjorden

fjord i Kristiansand

58°10′45.163″N 8°3′47.801″E / 58.17921194°N 8.06327806°E / 58.17921194; 8.06327806

Varoddbrua sett frå Urvika.
Foto: Siri Johannessen

Topdalsfjorden er ein sidearm av Kristiansandsfjorden som strekkjer seg frå Gleodden/Marvika i sør og nordover til munningen av Topdalselva. Frå elveosen ved Kjevik og Hamresanden og vidare innover heiter fjorden Ålefjærfjorden. Frå Ålefjær til Gleodden er det om lag 11 km, medan sjølve Topdalsfjorden om lag er 5 km lang.

Fjorden med elveos var tidleg viktig for handel og skipsfart. I dokument frå 1600-talet og utover er lasteplassar i Gjusvik (Justvik), Tveit (Grovika), Lyngesund (Fuglevik) og Vige nemnd. Laksefisket i Tofdalselva var viktig.

I 1897 vart Marvika orlogsstasjon og Gleodden utstyrt med med kanonar og mineleggingsutstyr.

Den første brua over fjorden opna i 1956, Varoddbrua, som ved opninga var den lengste hengebrua i Nord-Europa. Fram til bruopninga gjekk det ferje frå Varodden til Torsvig på Søm, medan det var ferjefritt samband mot aust via Ålefjær og over Birkeland til Lillesand.

Varoddbrua vart supplert med ytterlegare ei bru i 1994 slik at ein kunne føre E18 i fire felt over fjorden.

I området mellom Hesteheia og Ringknuten i Topdalsfjorden vart det drive søppeldeponering og -brenning i fleire år frå 1950-talet til 1973. Deponiet består av 250 000 m³ masse. I dette området vert det i dag bygd eit nytt hamneanlegg for Kristiansand.

Namnet endre

Den eldste namneforma er Topdalsfjorden, men på bakgrunn av den vanlege dialektuttalen, har også skriveformene Tovdal- og Tofdal- i ein noe mindre grad vore brukte. Statens Kartverk har gjort vedtak om at namnet skal skrivast Topdalsfjorden. [1]

Kjelder endre

  1. Vedtak i Klagenemnda for stedsnavnsaker (pdf) (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 4. mars 2016, henta 30. juni 2015