Tor Egil Johansen

norsk fotballspelar

Tor Egil Johansen (fødd 8. august 1950) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Oslo. Midtbanespelaren Johansen spelte for IK Skeid og Lillestrøm SK og for det norske landslaget.

Tor Egil Johansen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. august 1950 (73 år)
Oslo
Idrett fotball

Johansen spelte for osloklubben Skeid i tida 1969-76 og 1978-80. Han var ein sentral spelar då laget vart norsk meister i 1974, då det vart siger over favoritten Viking FK i cupfinalen på Ullevaal stadion. Sesongane 1976 og 1977 spelte han for Lillestrøm SK, i begge sesongane var han med på å føre klubben til seriegull, i 1977 vart han også norsk meister laget. Etter desse triumfane vende han tilbake til Skeid. Han la opp etter 1980-sesongen.

Johansen debuterte Noreg i 1971 og spelte 52 landskampar i tida fram til 1978. Han var ein drivande midtbanespelar som skåra sju landslagsmål.

Merittar endre

  • Noregsmeister: 1974 med Skeid
  • Seriemeister: 1976 og 1977 med Lillestrøm SK
  • Noregsmeister: 1977 med Lillestrøm SK

Kjelder endre