Tor Saglie
Tor Johan Saglie (fødd 13. september 1949) er tidlegare departementsråd i Justis- og beredskapsdepartementet.
Tor Saglie | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 13. september 1949 (75 år) |
Yrke | embetsmann |
Ektefelle | Tove Strand |
Han er utdanna ved Universitetet i Oslo, der han i 1976 vart cand.polit. med hovudfag i statsvitskap. Saglie var direktør for Universitetet i Oslo frå 1991 til 2003 og departementsråd i Kommunal- og regionaldepartementet frå 2003 til 2006. Før det var han administrasjonsdirektør (kommunaldirektør) i Oslo kommune. Då Arbeids- og velferdsetaten vart oppretta 1. juli 2006, vart Saglie den fyrste direktøren for etaten fram til åremålsperioden hans gikk ut sommaren 2011. Tor Saglie har også hatt ei rekkje styreverv, mellom anna i Norsk statsvitenskapelig forening, Aker universitetssjukehus, CICERO Senter for klimaforskning.
Han er gift med Tove Strand,[1] som tidlegare har vore politikar og direktør for Ullevål universitetssjukehus.
Kjelder
endre- Knut Olav Åmås [red.]: «Saglie, Tor» av Lisa Cooper i Hvem er hvem? (Aschehoug, 2008).
Referansar
endre- ↑ «Kan få gigantregning» av Per Arne Solend og Ulf André Andersen på Dagbladet.no (08.01.2008).