Tove Strand
Tove Astri Strand, tidlegare Strand Gerhardsen, (fødd 29. september 1946 i Kongsvinger) er ein norsk Ap-politikar og embetskvinne.
Tove Strand | |||
| |||
Fødd | 29. september 1946 (78 år) Kongsvinger kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar, samfunnsøkonom | ||
Utdanna ved | Universitetet i Oslo | ||
Far | Norvald Strand | ||
Ektefelle | Rune Gerhardsen, Tor Saglie | ||
Barn | Mina Gerhardsen, Marte Gerhardsen | ||
Alle verv |
|
Strand er utdanna sosialøkonom ved Universitetet i Oslo.[1] Ho var sosialminister frå 1986–1989, og arbeids- og administrasjonsminister frå 1990–1992, begge gongane under Gro Harlem Brundtland.[1] Ho hadde også hatt fleire stillingar som statssekretær for tidlegare arbeiderparti-regjeringar. Frå 1997–2005 leia ho Norad.[1] Strand har tidlegare hatt direktørstillingar ved Rikshospitalet og Norges forskningsråd. Sommaren 2005 blei ho utnemnd til administrerande direktør for Ullevål universitetssykehus, og etterfølgde då Helge Kjersem.[2] Ho har også vore viseadministrerande direktør og direktør ved Oslo universitetssykehus[3]
Strand var visepresident i Norges Idrettsforbund 1994–1999. Ho har også vore styreleiar for Kronprinsparets humanitære fond.[1] I februar 2023 blei ho vald til leiar av Norske Idrettsleder-Veteraner (NIV).[4]
Privatliv
endreStrand var tidlegare gift med Rune Gerhardsen og heitte då Tove Strand Gerhardsen. Ho har to døtrer, Mina Gerhardsen og Marte Gerhardsen. Strand er gift med Tor Saglie.[5] Ho er dotter av tidlegare Kongsvinger-ordførar Norvald Strand, og syster av den tidlegare Kongsvinger-ordføraren (2015–2019) Sjur Strand.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Tove Strand». Stortinget.no.
- ↑ Strand ny Ullevål-direktør Tidsskrift for Den norske legeforening 15.04.2005 (besøkt 9. juni 2013)
- ↑ 75 års omtale i Aftenposten 29. september 2021
- ↑ «Protokoll for årsmøte 2023». NIV-Nytt (PDF). Norske Idrettsleder-Veteraner. Nr. 2 mai/juni 2023. 14. februar 2023. Henta 8. oktober 2023.
- ↑ Tor Saglie vil bli justis-topp Verdens Gang 29.08.2012 (besøkt 9. juni 2013)
- Denne artikkelen bygger på «Tove Strand» frå Wikipedia på bokmål, den 15. mars 2024.