Tordesillas-avtalen

Tordesillas-avtalen var ein traktat mellom Spania og Portugal som vart slutta i 1494 i den spanske byen Tordesillas. Dei to iberiske landa delte med denne avtalen den oversjøiske verda opp i to interessesfærar. Spania fekk retten til å kolonisere alle område som vart oppdaga vest for ei linje 2200 kilometer vest for Kapp Verde, medan Portugal fekk retten til alle landområde aust for denne linja, inkludert Afrika og India. Avtalen vart sanksjonert av pave Alexander VI i 1506. Då Sør-Amerika vart oppdaga, kom linja til å gå gjennom dette kontinentet. Difor vart Brasil kolonisert av portugisarane, medan resten av Sør-Amerika kom under spansk herredøme. Ingen av dei andre atlantiske sjømaktene i Europa godtok avtalen.[1]

Framsida til den portugisiske utgåva av avtalen.

Kjelder endre

  • Tordesillas-avtalen (1990). I Damms Store Leksikon. 28 : TG-TÅ (s. 94-95). Oslo: Damm.

Fotnotar endre

  1. «Treaty of Tordesillas». Encyclopædia Britannica. 2019. Henta 1. januar 2020. 
  Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.