Tore André Flo

norsk fotballspelar
(Omdirigert frå Tore Andre Flo)

Tore André Flo (fødd 15. juni 1973 i Stryn) er ein norsk fotballspelar. Han er mest kjend for prestasjonane sine då han spela på Brann, Chelsea og det norske landslaget.

Tore André Flo
Personleg informasjon
Fødd 15. juni 1973 (51 år)
Fødestad Flo
Høgd 193 cm
Posisjon Angrepsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Sogndal
Nummer 24
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1993-94
1994-95
1996-97
1997-2000
2000-02
2002-03
2003-05
2005-06
2006-08
2008-09
2011-
Noreg Sogndal
Noreg Tromsø
Noreg Brann
Chelsea
Skottland Rangers
Sunderland
Italia Siena
Noreg Vålerenga
Leeds
MK Dons
Noreg Sogndal
44 (21)
26 (18)
40 (28)
149 (50)
53 (29)
29 (4)
63 (13)
24 (4)[1]
23 (4)
13 (0)
4 (0)[1]
Landslag
1995-2004 Noreg Noreg 76 (23)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 29. september 2011
‡ Landslagsmål oppdatert 6. august 2011

Klubbspel

endre

Då han gjekk frå Chelsea til Rangers blei han den dyraste norske fotballspelaren til då med ein overgangssum på 161 millionar kroner. Han er bror til Jostein Flo og fetter av Håvard Flo.

Landslagsspel

endre

Frå debuten 11. oktober 1995, i ein mållaus kamp mot England, til august 2004 spelte Flo 76 av Noregs landskampar i perioden. Han skåra 23 mål. Flo deltok i VM i fotball 1998 og EM i fotball 2000.

Merittar

endre
  • Vinnar av Cupvinnarcupen: 1998 med Chelsea FC
  • Vinnar av den engelske ligacupen: 1998 med Chelsea C
  • Vinnar av FA-cupen: 2000 med Chelsea FC
  • Skotsk cupmeister: 2002 med Rangers FC
  • Skotsk ligacupvinnar: 2002 med Rangers FC
  • Norsk serietoar: 1997 med SK Brann

Fotnotar

endre
  1. 1,0 1,1 Norsk og internasjonal fotballstatistikk