Opna hovudmenyen
Lagopstillingane til finalen i UEFA-cupen 2008 mellom Rangers og Zenit

Rangers Football Club er ein fotballklubb i Glasgow i Skottland som speler i Scottish Premiership. Klubben vart skipa i Februar 1872.

Rangers var ein av dei ti klubbane som grunnla den skotske fotballigaen. Fram til 2012 spela klubben alltid i toppdivisjonen. I 2012 gjekk 'The Rangers Football Club Plc' konkurs. Alle verdiane i det konkursråka selskapet, inkludert Rangers FC, vart kjøpt av eit nystarta firma. Der nye selskapet tok over medlemskapen i det skotske fotballforbundet, tidsnok til at Rangers FC kunne delta i tredje divisjon frå sesongstart 2012/13.

Rangers har vunne fleire seriemeisterskap enn nokon annan fotballklubb i verda, i alt 54 ligatitlar. Klubben har vorte skotske cupmeistrar 33 gongar, samt 27 gongar sigra i den skotske ligacup-finalen. Rangers var den fyrste britiske klubben som nådde finalen i ei UEFA-turnering. Laget vann Cupvinnarcupen i 1972 med 3-2 over Dynamo Moskva, etter å ha tapt finalane i same turneringa både i 1961 og 1967. I 2008 møtte Rangers den russiske laget Zenit St. Petersburg i finalen i UEFA-cupen med anslagsvis 200.000 reisende tilhengere.

Klubben spelar heimekampane på Ibrox Stadium, ei bane som ligg sørvest i Glasgow. På Ibrox opptrer laget i blå trøyer og kvite bukser. Rangers har sidan slutten av 1800-talet hatt ein strid rival i Celtic FC. Kampane mellom dei to Glasgow-klubbane går under nemninga Old Firm.

KjelderEndra