Tore J. Vaksvik
norsk gårdbruker og politiker (V)
Tore Ludvik Jensson Vaksvik (5. april 1872–3. august 1950) var ein gardbrukar og politikar frå Vaksvik i Ørskog kommune. Han møtte på Stortinget i 1917 og var ordførar 1923–1934 i Ørskog.
Tore J. Vaksvik | |||
| |||
Fødd | 5. januar 1872 | ||
---|---|---|---|
Død | 3. august 1950 (78 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | bonde | ||
Alle verv |
Vaksvik dreiv farsgarden Jensgarden i Vaksvik frå 1900 til 1941. Vinterstida i fiskja arbeidde han på tranbrenneri. Han var medlem av heradsstyret i Ørskog frå 1902 til 1934, siste tolv åra var han ordførar i kommunen. Tingbolken 1916–1918 var han varamann for stortingsmann Knut O. Otterlei, vald frå einmannskrinsen Nøre Sunnmøre. Hausten 1917 møtte Vaksvik på Stortinget i staden for Otterlei. Dei representerte partiet Venstre.