Tore Sagvolden (fødd 27. februar 1959) er ein norsk orienteringsløpar frå Oslo. Han vart nordisk meister i 1984 og fire gongar norsk meister. Tre gongar vann han sølvmedaljen i verdsmeisterskapen og i fire verdsmeisterskap på rad, 1981-87, vann han VM-gull i stafett. Stafett-gull vann han også i den nordiske meisterskapen 1980, 1984 og 1986.

Tore Sagvolden
Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. februar 1959 (65 år)
Oslo
Idrett orientering

Aktiv endre

Sagvolden slo gjennom då han under verdsmeisterskapen 1979 sprang inn til bronse, landsmennene Øyvin Thon og Egil Johansen vann gull og sølv. Året etter tok han sølvmedaljen i den individuelle tevlinga i den nordiske meisterskapen, før han så saman med Thon, Johansen og ankermann Sigurd Dæhli vann stafettløpet i same meisterskapen. Tidlegare i 1980 vart han andremann i langdistanse-NM i Vestby.

I 1981 vart Sagvolden nummer 3 i langdistanse-NM i Evenskjær. Under verdsmeisterskapen 1981 i Thun kom han i mål til sølv i den individuelle tevlinga. Dagen etter fekk han det fyrste av fire strake stafett-gull i verdsmeisterskap, med på laget var elles Øyvin Thon, Harald Thon og ankermann Dæhli. På tampen av sesongen enda han opp med sølv på klassisk-distansen i NM.

Etter ein medaljefri sesong kom Sagvolden i 1983 tilbake med bronse ved langdistanse-NM i Pasvik. Individuelt i verdsmeisterskapen i Ungarn enda han på fjerdeplass, slått av tre landsmenn. Saman med Morten Berglia og Thon-brørne sikra han seg VM-stafettgull nr 2. År 1984 var Sagvolden i sitt livs beste form. Etter tredjeplass i langdistanse-NM i juni, var han uimotståeleg ved den nordiske meisterskapen i Bardu og Bardufoss i september. Han vann den individuelle tevlinga med eit forsprang på fem minutt til sølvmedaljøren, deretter var han ankermann for mannskapet som vann stafetten. To veker seinare vart han noregsmeister, over fire minutt føre nummer 2.

I løpet av september 1985 vann Sagvolden VM-sølv individuelt og VM-gull i stafett under verdsmeisterskapen i Australia, for så å reise til Korgen i Nordland der han vart norsk meister på klassisk-distansen. Året etter var han med å vinne stafetten i den nordisk meisterskapen for tredje gong. I noregsmeisterskapen 1986 fekk han sølvmedaljen, slått av Rolf Vestre med 3 sekund. I 1987 vann Sagvolden ein suveren siger i langdistanse-NM. Under verdsmeisterskapen i Frankrike kom han på sølvplassen for tredje gong og vart verdsmeister i stafett for fjerde gong. Den sterke sesongen vart krona med NM-tittel i klassisk løype.

Sommaren 1988 vart Sagvolden fjerdemann då noregsmeisterskapen vart avvikla i Hegra i Nord-Trøndelag. Han la deretter opp.

Kjelder endre