Torevannet er ein liten innsjø som ligg i Ringerike kommune. Vatnet strekkjer seg sørvestover langs riksveg 7 vest for Sokna i Soknedalen. Vatnet får tilførsel gjennom Eidselva i sørvest, Landselva i sør og Rudselva i nord. Ved utløpet i nordaust startar Verkenselva, som via Verkensfossen renn ned langs sørvestsida av Sokna, der ho møter Sogna.

Utsyn mot sør over Torevannet mot Holleia
Torevassdammen og utløpet av Verkenselva
Utløpet ved Torevassdammen

Torevannet er kjent for bra fiske og fleire flotte badeplassar. Aure på 1 kg er ikkje uvanleg. Rekorden er ein aure på 3,7 kg, som vart teke i garn i 2003. Den mest populære badeplassen heiter Jomfruøya, men er ikkje ei øy, og ligg på ein odde på nordaustsida av vatnet.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Torevannet
  Denne geografiartikkelen som har med Viken å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.