Torgeir Jebsen Havgar (29. mars 19239. juni 2006), opphavleg Torgeir Jebsen Hansen, var ein norsk sokneprest og prost. Han bidrog til ei høgkyrkjeleg fornying i Den norske kyrkja, og av høgmessa. Dette engasjementet kom særleg til uttrykk i Gamle Aker kyrkje i Oslo.

Torgeir Havgar
Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. mars 1923
Død

9. juni 2006 (83 år)

Yrke prest, flygar
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja

Biografi endre

Havgar var son av sokneprest Søren Hansen (1888-1986) og Anna (f. Jebsen). Torgeir Havgar tok artium ved Oslo katedralskole i 1942 på reallinja. Han kom deretter med i illegalt arbeid under andre verdskrigen, og vart nøydd til å forlata Noreg. Frå 1943 til 1945 oppheldt han seg i Canada, der han gjennomførte fly- og navigasjonsskule i Little Norway. Han fekk flygarvengen i 1945. Tilknytinga til dei amerikanske kontinenta følgde han deretter livet ut. Etter berre fem års studiar tok Havgar teologisk embetseksamen (cand. theol.) ved Menighetsfakultetet i Oslo i 1950.

Bibliografi endre

  • Glassmaleriene i Nidaros domkirke. Trondheim 1973
  • Domorganist Ludvig Nielsen 1906 – 3. februar –1976, Trondheim , (1976) (redaktør: Torgeir J. Havgar)
  • Guds pris i vår musikk, Koral "Engelberg" av Frederick Pratt Green (norsk omsetjing v. Torgeir J. Havgar), (Lyche) Drammen 1992
  • Bjarne Skard 1896-1996 : streker til et bispeportrett i Tunsberg 1948-1961, Kitke og kultur 1996:5

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre