Torino Football Club er ein fotballklubb i Torino i Italia. Klubben vart stifta i 2005 og vert rekna som ein direkte etterfylgjar av Torino Calcio, ein klubb som vart skipa i 1906. Torino FC spelar i Serie A, det høgste nivået i italiensk fotball.

Torino
Fullt namnTorino Football Club S.p.A.
KallenamnIl Toro (oksen)
Il Granata (dei raudbrune)
Grunnlagd3. desember 1906 som Foot-ball Club Torino
1. september 2005 som Torino Football Club
HeimebaneStadio Olimpico Grande Torino
StyreleiarUrbano Cairo
HovudtrenarWalter Mazzarri
LigaSerie A
2018/19 7. plass i Serie A
NettstadHeimeside
Heimedrakt
Bortedrakt
Tredjedrakt
Noverande sesong

Torino hadde si stordomstid i 1940-åra, då Grande Torino i perioden 1943-49 vann fem seriemeisterskap, mellom anna fire på rad. Den 4. mai 1949 omkom så godt som heile laget i ein flystyrt straks aust for Torino. Sidan den tid har Torino vunne Serie A ved eitt høve, i 1975/76-sesongen. Klubben har fem nasjonale cupfinale-sigrar, den fyrste kom i 1935 og den siste i 1993. I 1992 tok laget seg fram til finalespel i UEFA-cupen, der det etter dei to kampane mot Ajax Amsterdam samanlagt stod 2-2, og det nederlandske laget vann turneringa på regelen om bortemål.

Forgjengaren Torino Calcio vart slegen konkurs i 2005. Dette førte til at ein ny klubb vart stifta, og denne fekk overta den konkursråka klubben sin plass i seriesystemet. Torino FC har sidan 2006 spela heimekampane sine på Stadio Olimpico, eit stadion som opphavleg vart bygt til VM i fotball 1934. Heile anlegget vart nybygd for bruk under opnings- og avslutningsseremonien til vinter-OL 2006. Klubblaget Torino spelar i burgunderraude trøyer og kvite bukser.

Kjelder endre