Torjus Knutsson Loupedalen (13. mars 189523. juli 1954) var ein norsk lærar og forfattar frå Brunkeberg i Telemark. Knut Loupedalen var far hans.

Torjus Loupedalen
Fødd 13. mars 1895
Død

23. juli 1954 (59 år)

Yrke skribent

Torjus Loupedalen gjekk Bladmannaskulen i Bergen i 1920, før han var journalist i Gula Tidend. I 1925 tok han lærarskuleeksamen. Åra 1927-29 var han journalist i Oslo-avisa Den 17de Mai. Frå 1930 til -40 var Loupedalen lærar i Vest-Telemark. Under andre verdskrigen var han ein av dei leiande i det illegale arbeidet i heimbygdene.

Loupedalen var mykje oppteken av bygdesoge. Han samla minne om gammal skitradisjon og gav i 1947 ut Morgedal, skisportens vogge. I 1956, etter han var død, kom det fyrste bandet av Kviteseid bygdesoge, eit verk skrive av Loupedalen. Han gjorde grundig granskararbeid, og utmerka seg elles med ei skriftnorn prega av «hans målande, stilsikre nynorsk, farga» av målføra i Vest-Telemark, skriv Olav S. Bjåland i Norsk Allkunnebok.

KjelderEndra

Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1957