Gula Tidend var ei norsk avis som vart gjeve ut frå 1904 til 1996. Hovudkontoret låg i Bergen. Avisa hadde nynorsk som hovudmål, og fungerte som eit organ for målrørsla. Johannes Lavik skipa avisa og vart fyrste redaktør. Gulaprisen er ein journalispris til minne om Gula Tidend.

Avisa var den fyrste norske som vart stoppa under okkupasjonen, og utstyret vart spreidd for alle vindar. Ho kom seint i gang att etter krigen og vart aldri meir dagsavis. Gula vart i fleire ti-år lokalavis for Nordhordland, stødde seg til jordbrukssamvirket, Det Norske Teatret og var politisk ideologisk Venstre og DLF, men hadde ei stund uoffisiell kjærleik til Høgre.

Avisa gjekk i 1972 ihuga inn for norsk medlemskap i Den europeiske fellesmarknaden (EF/EEC). Olav Gullvåg var nokre år bladstyrar i mellomkrigstida (Spelet om Heilag Olav). Opplaget var lenge rundt 6000 og avisa kom tre dagar i veka. Gula Tidend vart ei stund kalla journalistskulen på Vestlandet, fordi mange fekk lære avisfaget der. Jon Fosse byrja til dømes sitt liv som skrivande menneske i avisa. Den eigentlege bladstyraren i Gula Tidend dei siste ti-åra avisa levde var redaksjonssekretær Simon Kringnes. Han heldt ein låg profil utover, men han var i avisa kvar dag, og det var han som dreiv butikken.

Litteratur endre

  • Per Håland (skriftstyrar): Gula Tidend i 75 år; Eit liv i strid for fridom og norskdom, bygdenorsk kulturarv og norsk bondereising på fullnorsk målgrunn, Bergen 1979.
      Denne medieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.