Torkell Løvland
Torkell J. Løvland (28. september 1889–9. november 1976) var ein norsk jurist, konsul og politikar. Løvland var son til statsministeren Jørgen Løvland. Han tok artium i 1910 og studerte så jus ved Universitetet i Oslo. I haustesemesteret 1914 var han leiar av Studentvenstrelaget.[1] Frå 1916 til 1920 var han leiar av Noregs Unge Venstre.[2] På same tid var faren hans kyrkje- og undervisningsminister. Mot slutten av denne perioden hadde landsorganisasjonen til Unge Venstre i praksis gått i oppløysning. Organisasjonen vart oppattliva i 1920 og eit nytt landsstyre vart valt, der Løvland var styremedlem, men etter nokre få år hadde organisasjonen igjen gått i oppløysing.
Torkell Løvland | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 28. september 1889 Kristiansand |
Død |
9. november 1976 (87 år) |
Yrke | jurist, politikar |
Politisk parti | Venstre |
Far | Jørgen Løvland |
Ektefelle | Liv Hektoen Løvland |
Torkell Løvland gav i 1929 ut Menn og minner fra 1905, av J. Løvlands papirer frå faren sine etterlatne papir.[3]
Løvland gifta seg 15. august 1918 med Liv Hektoen. Dei fekk døtrene Liv Ingeborg Mathilde i 1921 og Tuva (Tove) i 1923.
Fotnotar
endre- ↑ Studentvenstrelaget 1908-1958 - Festskrift til 50-års jubileet (Oslo, 1958), s. 77.
- ↑ Per Frydenberg & Arne Kielland (red.), Festskrift til Norges Unge Venstres 50 års jubileum 27. januar 1959 (Oslo, 1959), s. 119
- ↑ Nasjonalbiblioteket