Torleiv Jørgensson Stadskleiv (10. oktober 186517. august 1946) var ein norsk biletkunstnar frå Bø i Telemark, der han budde mest heile livet.

Torleiv Stadskleiv
Aage Bertelsen - Portrait of the Norwegian painter Torleiv Stadskleiv (1901).jpg
Fødd 10. oktober 1865
Død

17. august 1946

Yrke kunstmålar
Torleiv Stadskleiv på Commons
1895

På 1880-talet var Stadskleiv ei tid elev hos Erik Werenskiold og Christian Krohg. Kring 1900 studerte han i København under leiing av Kristian Zahrtmann.

Våren 1895 flytta den unge og talentfulle biletkunstnaren Halfdan Egedius til Bø. Egedius og Stadskleiv utvikla ein tett vennskap og påvirka kunsten til einannan. Egedius kjende verk Drømmeren portretterar Stadskleiv.

Stadskleiv, som var ein framifrå teiknar, henta dei fleste av sine landskapsmotiv frå skog- og fjellnaturen i Telemark. Bileta er gjerne forma i ein romantisk stil, som i mangt kan minne om kunsten til Werenskiold og Egedius.

I 1967 gav Aschehoug ut ein biografi om Torleiv Stadskleiv, skriven av bilethoggaren Dyre Vaa.

Stadskleiv er heidra med ein statue på Bø stasjon.

KjelderEndra