Torsbjørkdalen
63°23′41″N 11°43′09″E / 63.3948°N 11.7192°E
Torsbjørkdalen er ein ca 15 km lang dal i Meråker kommune i Trøndelag fylke. Dalen ligg sør for hovuddalføret og er folkesett ei halv mil oppover. Elva Torsbjørka renn gjennom dalen og møter Stjørdalselva i sentrum av Meråker. På vestsida av dalen ligg ei rad fjell på over 1000-1100 moh. Aust for dalen skil ein skogkledd ås dalen frå Stordalen. Øvste delen av Torsbjørkdalen ligg inne i Skarvan og Roltdalen nasjonalpark.
Denne geografiartikkelen som har med Trøndelag å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.