Meråker kommune

kommune i Trøndelag fylke i Noreg

Meråker (sørsamisk: Mearohke) er ein kommune i Trøndelag fylke. Kommunen grensar til Jämtland län i Sverige.

Meråker kommune
kommune
Meråkerdalen jan 2010.JPG
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Trøndelag
Adm.senter Midtbygda
Areal 1 274 km²
 - land 1 192 km²
 - vatn 82 km²
Folketal 2 426 (1. januar 2023)
Målform bokmål
Ordførar Kjersti Kjenes (Lokale lister)
Kommunenr. 5034
Kart
Meråker kommune
63°26′17″ N 11°50′58″ E
NO 5034 Meråker.svg
Wikimedia Commons: Meråker
Nettstad: www.meraker.kommune.no

Meråker sentrum ligg 20 km frå Storlien og 48 km frå Trondheim lufthamn, Værnes. Meråker var opphavleg ein landbrukskommune, noko som òg går fram av namnet: merr og åker. Også gruvedrift har lange tradisjonar, noko gruvetralla i kommunevåpenet fortel om. Fleire stader rundt om finst det nedlagde kopargruver. Industri var og er viktig. Alt i 1898 vart det bygd ein karbidfabrikk i kommunen.

SamferdselEndra

Europaveg 14 (E14) frå Stjørdal til Sundsvall i Sverige går gjennom Meråker. Jarnvegen mellom Trondheim og Østersund går òg gjennom Meråker.

HistorieEndra

KommunehistorieEndra

Meråker vart oppretta som eigen kommune 1. januar 1874 da Øvre Stjørdal kommune vart delt i to: Hegra (i Stjørdal kommune) og Meråker. Meråker hadde ved opprettinga 1861 innbyggarar.

Meråker smelteverkEndra

I 1898 vart det opna ein karbidfabrikk i Kopperå. Fabrikken vart seinare ombygd til eit silisiumsmelteverk. Hovudproduktet var microsilica som til dømes vert nytta som tilsettingsstoff i betong. Elkem Meråker er ikkje lenger i drift, etter at produksjon av microsilica vart lagt ned juni 2006.

Kjente meråkerbyggarEndra

Sjå ògEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.