Toussaint L’Ouverture

(Omdirigert frå Toussaint Louverture)

Pierre François Marie Dominique Toussaint de Bréda L’Ouverture (fødd 1743 i Cap-Haïtien i Haiti, død 7. april 1803 på Fort de Joux i Frankrike) var leiaren av den haitiske revolusjonen, og dermed også Haiti si frigjering frå Frankrike. Han vart fødd som slave på ein plantasje som var ått av greven av Bréda, som han tok etternamn etter. Han levde under relativt gunstige forhold fram til han vart frigjeven i 1776, og hadde skapt seg eit namn som ryttar og botanikar då verknadene av den franske revolusjonen nådde Haiti. Leiarane av revolusjonen erklærte, inspirerte av Rousseau, at alle menneske var frie, men vart tvinga til å avstå frå å avskaffe slaveriet etter påverknad frå slaveeigarane. Dette førte i 1791 til omfattande slaveopprør i Haiti, som då var ein fransk koloni under namnet Saint-Domingue.

Toussaint L’Ouverture

Statsborgarskap Saint-Domingue, Den første franske republikken, Kongedømet Frankrike (1791–1792), Kongedømet Frankrike, Frankrike
Fødd 20. mai 1743
Cap-Haïtien
Død

7. april 1803 (59 år)
Fort de Joux

Yrke politikar, militær
Språk fransk, engelsk
Politisk parti Jakobinar
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Far Gaou Guinou
Ektefelle Suzanne-Simone Baptiste-Louverture
Toussaint L’Ouverture på Commons
François Toussaint L’Ouverture

I 1793 allierte L’Ouverture seg med Spania, som hadde den austlege delen av øya Hispaniola, altså det som i dag er Den dominikanske republikken. Spania var då i krig med Frankrike, i ein del av dei franske revolusjonskrigane. Seinare same år invaderte også Storbritannia Saint-Domingue og okkuperte kystane.

4. februar 1794 ratifiserte det jakobinardominerte nasjonalkonventet eit tilbod om frigjeving for alle slavar som var lojale mot revolusjonen. Tilbodet hadde kome frå utsendingen Léger-Félicité Sonthonax 29. august 1793. Dette leidde til at L’Ouverture tok styrkane sine med til den franske revolusjonære arméen, der han vart brigadegeneral. Han sigra over Storbritannia og Spania i fleire slag, og vart i praksis leiar for Saint-Domingue. Han erklærte seg likevel lojal mot Den fyrste franske republikken. I 1801, då han også hadde erobra den spanske delen av Hispaniola, lét han det gå ut ei grunnlov for eit sjølvstendig Haiti.

Napoléon Bonaparte vart leiar for Frankrike, prøvde han å få i gang att slaveriet i Saint-Domingue. I mai 1802 kapitulerte L’Ouverture til styrkane til Napoléon (leidde av Charles Leclerc, svogeren til Napoléon) på det vilkåret at han framleis var ein fri mann, og at troppane hans skulle innlemmast i den franske arméen. Leclerc braut likevel løftet sitt og tok L’Ouverture til fange ein månad seinare. L’Ouverture vart ført til Frankrike, der han døydde av kulde, svolt og mishandling på festninga Fort de Joux i Jurafjella i 1803. Men det at L’Ouverture var død, var ikkje slutten på frigjeringskampen. Det var ikkje før 1. januar 1804, då Jean-Jacques Dessalines erklærte den nye staten Haiti sjølvstendig, at landet verkeleg var fritt.

Kjelder endre