«Traces»
Singel av Stine Hole Ulla
Land Noreg
Språk Engelsk
Utgjeve 2. februar 2016
Lengd 3:04
Låtskrivar(ar) Stine Hole Ulla, Trude Kristin Klæbo og Ingrid Skretting
Kritikk

«Traces» er ein song av Stine Hole Ulla som vart gjeven ut 2. februar 2016.[3] Songen er skriven av Stine Hole Ulla, Trude Kristin Klæbo og Ingrid Skretting.[2]

«Traces» vart presentert som eit av bidraga i Melodi Grand Prix 2016, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 2016 i Stockholm i Sverige, på ein pressekonferanse hjå Norsk rikskringkasting 19. januar 2016.[4] På pressekonferansen vart det òg kjend at Stine Hole Ulla ville framføre songen, på engelsk.[4] Samstundes vart 15 sekundar av songen offentleggjort på NRK.no.[4] 2. februar 2016 vart songen gjeven ut i full lengd.[3]

Fotnotar endre

  1. «- Hadde låta vært et virus, ville WHO umiddelbart slått alarm». Dagbladet. 2. februar 2016. Henta 3. februar 2016. 
  2. 2,0 2,1 «VG anmelder Melodi Grand Prix-låtene». Verdens Gang. 2. februar 2016. Henta 3. februar 2016. 
  3. 3,0 3,1 «Nå kan du høre alle MGP-låtene». Norsk rikskringkasting. 2. februar 2016. Henta 3. februar 2016. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «Her er alle artistene i årets MGP». Norsk rikskringkasting. 19. januar 2016. Henta 3. februar 2016.