Trans World Airlines

Trans World Airlines (TWA) er eit tidlegare hovudflyselskap i USA. Det hadde knutepunkt i St. Louis, New York (JFK) og Kansas City. Flyselskapet var i verksemd frå 1930 til det vart kjøpt opp av American Airlines i 2001. Før oppkjøpet var TWA eit av dei største innanriksflyselskapa i USA, med flygingar frå St. Louis (og i nokon mindre grad frå JFK) til dei fleste større byar i USA. Dei hadde òg eit større nettverk av materuter til mindre byar i Midtvesten. TWA hadde òg eit godt utbygd rutenett til Europa og Midtausten. Desse rutene gjekk i all hovudsak frå JFK.

Logoen til selskapet
Ein Boeing 767 frå TWA på Charles dei Gaulle internasjonale lufthamn i Paris i 1994

Sjå òg

endre

Kjelder

endre