Howard Hughes jr.

Howard Robard Hughes jr. (24. desember 19055. april 1976) var ein amerikansk pilot, ingeniør, industrimann, filmprodusent og filmregissør som også var kjend som ein playboy, eksentrikar og ein av dei rikaste i verda. Han er berømt for å ha sett ei rekkje fartsrekordar i lufta, for å ha bygd Hughes H-1 Racer og Hughes Hercules H-4-flya, der sistnemnde vart bygd for å frakta amerikanske stridsvogner over Atlanteren, for å ha produsert filmane Luftens dæmoner, Den fredløse og Scarface, som er basert på gangsteren Al Capone, og for å ha kjøpt opp og utvida Trans World Airlines (TWA) og mangedobla verdien av selskapet.

Howard Hughes jr.

Statsborgarskap USA
Fødd 24. desember 1905
Houston
Død

5. april 1976 (70 år)
Houston

Yrke filmprodusent, filmregissør, flygar, Q10497074, gründer, oppfinnar, produsent
Språk engelsk
Religion metodisme
Far Howard R. Hughes, Sr
Mor Allene Stone Gano
Ektefelle Ella Botts Rice, Jean Peters
Partnar Terry Moore, Katharine Hepburn, Faith Domergue, Ava Gardner, Gloria Vanderbilt, Ginger Rogers, Rita Hayworth, Jean Harlow
Nettstad http://www.hhmi.org/
Howard Hughes jr. på Commons

I 1938 gjennomførte han ei jorda rundt-flyging med ein Lockheed Syp Electra og sette ny rekord på 3 dagar, 19 timar og 17 minutt.

Hughes som «Årets mann» i Time.

Livet hans vart portrettert av Leonardo DiCaprio i Martin Scorseses film The Aviator frå 2004.

Filmografi (utval) endre

  • 1932 – Scarface
  • 1930 – Luftens dæmoner

Kjelder endre


Bakgrunnsstoff endre