Transportlaget er lag fire i OSI-modellen og tek imot data frå sesjonslaget som blir delt opp i mindre bitar om nødvendig og sendt ned til nettverkslaget. Transportlaget kan avhengig av bruksområde implementere ein pålitleg ende-til-ende-kanal som beheld same rekkefølgja på meldingar eller data som da dei vart sende. Vanlegvis blir det oppretta eit uavhengig nettverkssamband for kvart samband sesjonslaget krev.