TranzAlpine Express er eit jarnvegssamband for persontrafikk mellom Christchurch og GreymouthSørøyaNew Zealand, drive av selskapet Tranz Scenic. Namnet kjem av ruta til toget, som går over Søralpane.

TranzAlpine ved Arthur’s Pass

Rute endre

Verksemda starta 22. november 1987, og erstatta då dei tidlegare ekspresstoga mellom Christchurch og Greymouth. I det vesentlege held ruta seg til jarnvegsstrekningen Midland Line. På grunn av eit vakkert og interessant landskap langs ruta, er ho av stor interesse for turistar. Togturen er 223 km, og varer i fire og ein halv time. På denne strekningen passerer toget fem viadukter (mellom desse Stair Case Viaduct, 73 m høg) og 16 tunnelar. Den lengste tunnelen er den 8 550 m lange Otira Tunnel nedanfor det 920 m høge fjellpasset Arthur's Pass.

Drift endre

 
TranzAlpine langs Waimakariri.
 
Utsyn frå TranzAlpine mot Søralpane.
 
Interiør i ei passasjervogn.

Sidan 1. oktober 2008 vert verksemda driven av Kiwi Rail Scenic Journeys, eit statleg selskap. Toget går frå Christchurch om morgonen, og brukar 4,5 timar på turen. Etter eit opphald i Greymouth på ein time, dreg toget attende, og kjem fram til Christchurch om kvelden.[1] Togturen har vorte svært populær, og frakta 204 000 passasjer i rekneskapsåret 2007.[2]

Stasjonar på linja endre

Kjelder endre

  1. «KiwiRail Scenic Journeys». KiwiRail. 2012. Henta 27. desember 2012. 
  2. «TranzAlpine success fails to boost profits». The New Zealand Herald. NZPA. 23 August 2007. Henta 27. desember 2012. 

Bakgrunnsstoff endre