Greymouth
Greymouth (uttalt /ˈɡreɪmaʊθ/; maori Mawhera) er den største byen i West Coast-regionen på Sørøya på New Zealand, og administrasjonsstad for Grey District Council. Folketalet i heile Grey District er 14.250, som står for 43 % av innbyggjarane i West Coast. Greymouth byområdet hadde ein anslått folkesetnad på 8 340 i 2023. Ein stor del av distriktet, 65 %,[4] er del av eit verneområde eigd og administrert av Department of Conservation. Dette gjer Greymouth til eit naturleg senter for fotturistar. Byen er også endestasjon for jernbaneruta TranzAlpine.
Greymouth | |||
by | |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Region | West Coast | ||
Areal | 1 848 km² | ||
Folketal | 8 160 (30. juni 2018)[1] | ||
Greymouth 42°27′00″S 171°12′27″E / 42.45°S 171.2075°E | |||
Wikimedia Commons: Greymouth |
Plassering
endreByen ligg ved munningen av Grey River, på ei smal kystslette nær foten av Sør-Alpane. I klart vêr kan ein sjå Aoraki/Mount Cook i sør klart frå staden. Munningen av elva delar byen opp i tre område: Blaketown, nær elvemunningen på sørbreidda; Karoro i søraust, skild frå Blaketown av ei rekkje små elvelagunar og Cobden, som tidlegare var ein eigen by, på nordbreidda av elva.
Historie
endreMaorigruppa Ngāi Tahu kom til Te Tai Poutini (Vestkysten) på byrjinga av 1800-talet. Under Tūhuru Kōkare, ein stor krigar, overvann ho Ngāti Wairangi i ei rad slag om kontroll over kystområdet, som var ei av dei viktigaste kjeldene til den høgt prisa grønsteinen (pounamu), som er nesten like hard som stål. Ngāi Tahu i Poutini bygde festningar, pā, ved Māwhera (Greymouth), Ōkārito og Mahitahi (Bruce Bay), og hadde landsbyar eller hagar andre stadar, som Inangahua, Taramakau, Mahinapua, Pouerua, Okuru og Arawhata (Jackson Bay).[5] Namnet Māwhera (som tyder 'brei elvemunning',[6] er framleis eit anna namn for Grey River.
Dei første europearane som kom til området som no er Greymouth var Thomas Brunner og Charles Heaphy i 1846. Brunner og Heaphy hadde fått i oppdrag av Nelson Land Company å undersøka landet sør for Buller-elva og å rapportera om ressursane og potensialet som eit området for framtidig busetnad. Dei la ut frå Nelson den 17. mars 1846 saman med ein maori som heitte Kehu, som tidlegare hadde vitja Vestkysten og som hadde gått med på å vera guiden deira.[7] Brunner oppdaga kol i Grey Valley, og fleire stadar i regionen (som byen Brunner og Brunnersjøen) har namn etter han. Brunner sjølv namngav Grey River etter sir George Grey, guvernøren av New Zealand.[8]
Greymouth blei skipa som følgje av gullrushet på vestkysten av New Zeland på 1860-talet. 22. juli 1864 blei «Nelson» det fyrste dampskipet som sigla opp Grey River.[9] Ombord i skipet var Matthew Batty og Reuben Waite, i lag med rundt 70 skjerparar.[10] Reuben Waite opna den første butikken i Greymouth ved breidda av Grey River på hjørnet av det som no er Waite Street og Mawhera Quay.[11] Matthew Batty blei den fyrste europeiske kolgruvearbeidaren på Grey River. Han hadde oversyn over ei gruppe maoriar som grov Brunner Seam ved breidda av Grey River.[11]
John Rochfort utførte den fyrste landmålinga av staden i 1865.[12][13] Greymouth blei utropt som burough den 16. juli 1868, og 26. august 1868 blei det halde val. Den 16. september 1868 heldt det nye byrådet sitt fyrste møte, og valde Edward Masters til den fyrste borgameisteren av Greymouth.[14]
Kjende bygningar
endre-
Dei tidlegare regjeringsbygningane i Greymouth
-
Domstolsbygningen i Greymouth
-
Left Bank Art Gallery i den gamle Bank of New Zealand-bygningen
-
History House museum, tidlegare Grey County Chambers
-
Hannah's building
-
Greymouth Royal Hotel
-
Dispatch & Garlick Foundry
-
Byklokka
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 http://nzdotstat.stats.govt.nz/wbos/Index.aspx?DataSetCode=TABLECODE7981; utgjevar: Statistics New Zealand.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 http://nzdotstat.stats.govt.nz/wbos/Index.aspx?DataSetCode=TABLECODE8318.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 http://nzdotstat.stats.govt.nz/wbos/Index.aspx?DataSetCode=TABLECODE7981.
- ↑ «Te Tai o Poutini Plan Committee Meeting 30 July 2020» (PDF). 2020. Arkivert frå originalen (PDF) 23 January 2022. Henta 14 December 2021.
- ↑ Rosanowski, John (2012). A history of the West Coast of the Southern Alps. Christchurch: Cornwall Publications. s. 2. ISBN 978-0-473-21887-4.
- ↑ Greymouth Arkivert 6 July 2008 ved Wayback Machine. (from Tourism New Zealand, the official New Zealand tourism agency)
- ↑ Lord, E.I. (1928). Greymouth District Diamond Jubilee 1868–1928. Andrews Baty & Company. s. 17.
- ↑ Greymouth / Blackball Arkivert 14 October 2008 ved Wayback Machine. (from the Tourism West Coast website)
- ↑ Bradshaw, Julia, red. (2014). The Diggers' Story: Accounts of the West Coast gold rushes. Christchurch: Canterbury University Press. s. 22. ISBN 978-1-927145-60-9.
- ↑ Bradshaw, Julia, red. (2014). The Diggers' Story: Accounts of the West Coast gold rushes. Christchurch: Canterbury University Press. s. 22. ISBN 978-1-927145-60-9.
- ↑ 11,0 11,1 «West Coast History – Grey District Council» (på engelsk). Arkivert frå originalen 6 August 2020. Henta 12 September 2020.
- ↑ McLintock, A. H., red. (22 April 2009). «Greymouth». An Encyclopaedia of New Zealand. Ministry for Culture and Heritage / Te Manatū Taonga. Arkivert frå originalen 4 March 2016. Henta 14 September 2015.
- ↑ «Rochfort, John». Dictionary of New Zealand Biography. Ministry for Culture and Heritage.
- ↑ Kerridge, Peter (1993). Glimpses of Greymouth and district : a 1993 record of the development of Greymouth and district over the past one hundred and twenty-five years and some of the activities and achievements of its citizens, councils and community organisations, 1868–1993. Grey District (N.Z.). District Council. Greymouth, N.Z.: 125th Jubilee Committee of the Grey District Council. s. 65. ISBN 0-473-02367-9. OCLC 154645099. Arkivert frå originalen 23 June 2022. Henta 31 October 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Greymouth» frå Wikipedia på engelsk, den 11. april 2024.