Treider Fagskoler
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Treider Fagskoler, tidlegare kalla Otto Treiders Handelsskole og Treider Privatskole, er ein landdekkande fagskole med utdanningar innan mellom anna reiseliv, administrasjon (administrasjonssekretær, advokatsekretær og halvårig sekretær) og butikkleiing – sal og service. Skolen vart grunnlagd av frikyrkjepredikanten Otto Treider i 1882 og var i si tid den største og leiande handelsskolen i Noreg med fag innan rekneskap, økonomi og marknadsføring. Treider Fagskolar held til i lokale i Nedre Vollgate i Oslo, og har dessutan regionskontor i Bergen og Trondheim.
Selskapet Treider Fagskoler AS er ått av Anthon B. Nilsen AS, eit av dei største private selskapa i Skandinavia innan utdanning og kursverksemd.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Treider Fagskoler» frå Wikipedia på bokmål, den 28. september 2018.