Metanol
kjemisk sambinding
(Omdirigert frå Tresprit)
Metanol | |
---|---|
Synonym: | Metylalkohol, Tresprit |
Kjemisk formel: | CH3OH |
Fysiske eigenskapar | |
Molekylvekt | 32,04186 g/mol |
Tettleik: | 791 mg/cm3 (20 °C) |
Smeltepunkt: | -97 ° C (101,325 kPa) |
Kokepunkt: | 64,7 ° C (101,325 kPa) |
Brytingsindeks: | 1,329 |
Identitetsnummer | |
CAS-nummer: | 67-56-1 |
Metanol (metylalkohol' ', også stava methanol, og ofte kalla tresprit) er det enklaste medlemet i alkoholgruppa. Ved romtemperatur og under atmosfærisk trykk er stoffet ei fargelaus, flyktig væske. I motsetnad til etanol, som er det stoffet ein vanlegvis tenkjer på som alkohol, er metanol svært giftig! Stoffet kan brenna i surstoffhaldig, atmosfærisk luft under danning av karbondioksyd og vatn (2CH3OH + 3 O2 → 2CO2 + 4H2O ).
Metanol brenn med ein nesten usynleg flamme.
Teknisk bruk
endreMetanol vert brukt til:
drivstoff i racemotorer
- Frostvæske
- Drivstoff, m.a. i radiostyrte modellfly
- Løysingsingsmiddel
- Råstoff i produksjonen av andre kjemikalia, t.d formaldehyd
Helse og sjukdom
endreMetanol kan drikkast i den tru at det er etanol, eller stoffet kan koma inn i kroppen ved innanding. I alvorlege tilfelle kan metanolforgifting føra til blindheit og død.