Opna hovudmenyen
Utsyn over Treviglio

Treviglio er ein by og ein kommune i Bergamo-provinsen i Lombardia i Italia. Byen ligg 20 km sør for provinshovudstaden, i eit lågland kalla Bassa mellom elvane Adda og Serio.

Kommunen Treviglio har vel 29 000 ibuarar og er den nest mest folkerike i Bergamo-provinsen, flatevidda er 31,54 km². Byen vert ofte kalla traktorbyen, ettersom traktormerket SAME Deutz-Fahr har hovudkontoret sitt i Treviglio.