Trias-jura-utryddinga

Trias-jura-utryddinga markerer grensa mellom trias og jura for 199,6 millionar år sidan, og er ein av dei store masseutryddingane i fanerozoikum, som truleg råka livet både på land og til sjøs. 20 % av alle marine familiar og alle store crurotarsi (ikkje-dinosauriske archosauria), enkelte attverande therapsidar og mange av dei store amfibia vart viska bort. Minst halvparten av artane ein kjenner til på jorda frå denne tida døydde ut. Hendinga opna ein økologisk nisje som let dinosaurane få dominerande roller i jura. Hendinga tok mindre enn 10 000 år og skjedde like før superkontinentet Pangaea starta å bryte opp.

Familierekker av tetrapodar gjennom trias og tidleg jura.

Statistisk analyse av dei marine tapa på denne tida indikerer at årsaka til minken i mangfaldet meir var ein minke i artsdanning enn ein auke i utryddingar.[1]

Fleire forklaringar er føreslått for denne hendinga, men alle av dei fører til fleire ubesvarte spørsmål:

  • Gradvis klimaendring eller svingingar i havnivå i løpet av sein trias. Detter forklarar ikkje den brå utryddinga av sjølivet.
  • Asteroidenedslag, men det er ikkje funne nedslagskrater ved dette tidspunktet i grensa mellom trias og jura.
  • Massive vulkanutbrot, særleg flaumbasaltar i Den sentrale atlantiske magmatiske provinsen, som slapp ut karbondioksid og svoveldioksid, som ville skap anten global oppvarming (frå førstnemnde) eller avkjøling (frå sistnemnde).

Den isotopiske samansettinga av fossile berglag frå sein trias og tidleg jura indikere ingen endringar av CO2-nivået i atmosfæren. Nyare funn viser derimot at det faktisk var ein auke i atmosfærisk CO2 i overgangen mellom trias og jura, og at sjølve masseutryddinga kunne ha kome av ein kombinasjon av vulkansk CO2 utgassing og katastrofal spalting av gasshydrat. Gasshydrat har òg vore føreslått som ei av mogelege årsaker til den største masseutryddinga gjennom tidene, den så kalla Store døden ved slutten av permtida.

Kjelder endre

  1. Bambach, R.K.; Knoll, A.H.; Wang, S.C. (desember 2004). «Origination, extinction and mass depletions of marine diversity». Paleobiology 30 (4): 522–542. doi:10.1666/0094-8373(2004)030<0522:OEAMDO>2.0.CO;2. 

Litteratur endre