Trias
251–199.6 millionar år sidan
Gjennomsnittleg O2-innhald i perioden ca. 16 vol %[1]
(80 % av dagens nivå)
Gjennomsnittleg CO2-innhald i atmosfæren i perioden ca. 1750 ppm[2]
(6 gonger førindustrielt nivå)
Middeltemperaturen ved jordoverflata i perioden ca. 17 °C [3]
(3 °C over dagens nivå)

Trias er ein geologisk periode som varte frå 251 til 199 millionar år sidan. Han er den første perioden i mesozoikum, kjem etter perm og vart etterfølgd av jura. Både starten og slutten på trias er markert av store masseutryddingar. Utryddingshendinga som lukka trias har nyleg vorte meir nøyaktig utrekna, men som med dei fleste eldre geologiske periodar er berglaga som definerer starten og slutten på perioden veldefinerte, men tidspunkta har ein feilmargin på eit par millionar år.

Under trias byrja både livet i havet og på land å flytte økologiske nisjar i den særs tynne biosfæren som var etter perm-trias-utryddinga. Korallane hexacorallia dukka første gong opp og dei første blomsterplantene kan ha utvikla seg under trias. Det same gjorde dei første flygande virveldyra, flygeøglene.

Bergartar som er lagt ned i trias vert kalla triassystemet.

Datering og inndeling endre

Trias vart namngjeve i 1834 av Friedrich Von Alberti frå tre særeigne lag (på latinsk tyder trias «triade») —raude lag med kalk over og svartskifer over der igjen — som er funne i Tyskland og nordvestlege område av Europa.

Trias vert vanlegvis delt inn i epokane tidleg, mellom og sein trias og dei tilsvarande berglaga vert kalla nedre, midtre og øvre trias. Aldrane i trias er frå yngst til eldst:

Øvre/sein trias (Tr3)
  Rhaetium (203,6 ± 1,5 – 199,6 ± 0,6 Millionar år sidan)
  Norium (216,5 ± 2,0 – 203,6 ± 1,5 millionar år sidan)
  Carnium (228,0 ± 2,0 – 216,5 ± 2,0 millionar år sidan)
Mellomtrias (Tr2)
  Ladinium (237,0 ± 2,0 – 228,0 ± 2,0 millionar år sidan)
  Anisium (245,0 ± 1,5 – 237,0 ± 2,0 millionar år sidan)
Tidleg/nedre trias (Scythium)
  Olenekium (249,7 ± 0,7 – 245,0 ± 1,5 millionar år sidan)
  Indusium (251,0 ± 0,4 – 249,7 ± 0,7 millionar år sidan)

Paleogeografi endre

 
Jorda slik ein meiner ho såg ut for 230 millionar år sidan

Under trias var det meste av landmassane på jorda samla i eit enkelt superkontinent som låg meir eller mindre midt over ekvator og som vart kalla Pangaea («alt landet»). Frå aust til vest strekte det seg ei stor bukt kalla Tethyshavet. Det vida seg ut i vest i mellomtrias medan Paleo-Tethys-havet krympa, eit hav som eksisterte i paleozoikum. Resten av kontinentet var omringa av det enorme verdshavet (superhavet) Panthalassa («all sjøen»). Alle djuphavssedimenta som vart lagt ned under trias har forsvunne på grunn av subduksjon så ein veit særs lite om hava i trias.

Riftdalar startar å danne seg på Pangaea under trias, særleg seint i perioden, men det byrja ikkje å dele seg opp enno. Dei første ikkje-marine sedimenta i rifta som markerer oppbrytinga av Pangea, som skilde New Jersey frå Marokko, er frå sein trias.[7] Sidan eit slikt enormt superkontinentet gjorde at jorda hadde relativt lite kystlinje er marine avleiringar frå trias globalt sjeldan, men likevel framtredande i Vest-Europa, der trias først vart studert. Triassisk stratigrafi er derfor hovudsakleg basert på organismar som levde i lagunar og hypersaline miljø, som krepsdyret estheria.

Klima endre

 
Marine sediment frå mellomtrias sørvest i Utah

Klimaet i trias var generelt varmt og tørt og danna eit typisk raudt lag av sandstein og evaporittar. Det er ikkje funne spor etter isbredanning ved eller nær polområda, og faktisk var polområda tilsynelatande fuktige og tempererete, eit klima som høver for krypdyr-liknande skapningar. Sidan Pangea var så enormt hindra det klimaeffekten frå havet og kontinentalklimaet var særs årstidsvariert med særs varme somrar og kalde vintrar.[8] Pangea hadde truleg kraftige monsunar på tvers av ekvator.[8]

Liv endre

 
Planteliv frå trias frå Meyers Konversations-Lexikon (1885-90)

Det er tre kategoriar av organismar som kan skiljast frå kvarandre i trias. Overlevande etter perm-trias-utryddinga, nye grupper som blømde kortvarig og andre nye grupper som kom til å dominere mesozoikum.

I havet utvikla moderne korallar seg i tidleg trias og danna små flekkar med rev samanlikna med dei omfattande korallreva under devontida eller i dag. Dei skjeldekte blekksprutane, kalla ammonittar kom seg og vart mangfaldige igjen etter den ein linja som overlevde perm-utryddinga. Fiskefaunaen var usedvanleg uniform, noko som heng saman med at særs få familiar overlevde perm-utryddinga. Det var òg mange marine krypdyr. Av desse finn ein sauropterygia, som femner om pachypleurosaurar og nothosaurar (begge vanlege i mellomtrias, særleg i Tethyshavet), placodontar og dei første svaneøglene, dei første øgleliknande thalattosaurar (askeptosaurar); og dei svært suksessfulle fiskeøglene, som dukka opp i tidleg trias og som raskt vart mangfaldige og til slutt enormt store i sein trias.

På land fann ein overlevande planter som kråkefotplanter, dei dominerande kongepalmene, ginkgoaceae (i dag tempeltre) og glossopteridales. Blomsterplanter eller frøplanter kom til å dominere floraen på landjorda, og på den nordlege halvkuladominerte bartre. Glossopteris (ei frøbregne) var det dominerande treet på den sørlege halvkula i tidleg trias.

Amfibiet temnospondyli var av dei gruppene som overlevde perm-trias-utryddinga og enkelte slektslinjer (som trematosaurus) blømde ei kort tid i tidleg trias, medan andre (som capitosaurus) var talrike gjennom heile perioden., eller kom til å vekse fram i sein trais (som plagiosaurar, metoposaurar). Andre amfibiar, som dei første lissamphibia, er kjend frå tidleg trias, men gruppa som heilskap vart ikkje vanlege før i jura då temnospondylar hadde vorte særs sjeldne.

 
Grunne marine berglag frå midtre og øvre trias, Makhtesh Ramon, Israel.

Archosauromorpha-krypdyr, særleg archosauria, erstatta gradvis synapsidar som hadde dominert perm. Sjølv om cynognathus var eit karakteristisk rovdyr på toppen av næringskjeda på Gondwana i tidleg trias (olenekium og anisium) var både kannemeyeriide dicynodontar og gomphodonte cynodontar framleis viktige planteetarar gjennom mykje av perioden. I sein trias spelte berre synapsidane ei lita rolle. Under carnium (tidleg del av sein trias) vart nokre av dei avanserte cynodontane opphavet til dei første pattedyra. Samstundes utvikla ornithodira, som fram til då berre hadde vore små og uviktige, seg til flygeøgler og mange typar dinosaurar. Crurotarsi var ein annan viktig archosaurklade og under sein trias nådde desse òg sitt mest mangfaldige med forskjellige grupper som phytosauria, aetosauria og fleire særeigne slektslinjer av rauisuchia og dei første krokodillane (sphenosuchia). Samstundes vart den kompakte planteetaren rhyncosauren og dei små til mellomstore insektetande eller fiskeetande prolacertiformes viktige basale archosauromorph-grupper gjennom det meste av trias.

Av andre krypdyr finn ein dei tidlegaste skjelpaddene, som proganochelys og proterochersis, som dukka opp under norium (i midten av sein trias). Lepidosauromorpha—særleg sphenodontia—dukka først opp i fossilregisteret litt tidlegare (i carnium). Procolophonidar var ei viktig gruppe små firfisle-liknande planteetarar.

Archosaurar var i starten sjeldnare enn therapsidane som hadde dominert permtida., men dei byrja i mellomtrias å erstatte dei.[9] Denne «overtakinga» kan ha medverka til utviklinga av pattedyra ved å tvinge dei overlevande therapsidane og deira pattedyrliknande etterkomarar til å leve som små, hovudsakleg nattlege insektsetarar. Nattlivet tvinga truleg desse dyra til å utvikle pels og høgare stoffskiftesnøggleik.[10]

Masseutrydding endre

For meir om dette emnet, sjå Trias-jura-utryddinga.

Trias enda med ei masseutrydding, som særleg råka hava hardt. Conodontar forsvann og alle sjøkrypdyr, bortsett frå fiskeøglene og svaneøglene. Virvellause dyr som armføtingar, sniglar og molluskar vart særleg hardt råka. I hava forsvann 22 % av dei marine familiane og truleg om lag halvparten av dei marine slektene.

Sjølv om denne utryddinga ikkje var like katastrofal i alle økosystem på land, forsvann fleire kladar av crurotarsi (store archosauriske krypdyr som tidlegare vart gruppert som thecodontia), og det same gjorde dei fleste store labyrinthodonte amifibiar, grupper av små krypdyr og nokre synapsidar (bortsett frå dei som utvikla seg til pattedyr). Nokre tidlege, primitive dinosaurar vart òg utrydda, men andre meir tilpassingsdyktige dinosaurar overlevde og utvikla seg i jura. Overlevande planter kom til å dominere mesozoikum, inkludert moderne bartre og bennettitales

Ein er ikkje sikker på kva som skapte utryddinga, men dei enorme vulkanutbrota for om lag 202 til 191 millionar år sidan[11] i det som vert kalla den sentrale atlantiske magmatiske provinsen (CAMP)[12] kan ha spelt ei stor rolle. Dette var eit av dei største vulkanutbrota på jorda etter at planten vart avkjølt og stabiliserte seg. Dette skjedde då superkontinentet Pangea starta å bryte opp i fleire delar. Andre mogelege, men mindre trulege, årsaker er mellom anna global nedkjøling eller eit meteornedslag, der nedslagskrateret rundt Manicouaganreservoaret i Quebec i Canada er ein mogeleg kandidat. Ved krateret har ein nyleg funne indikasjonar på at krateret har ein alder på 214±1 millionar år. Grensa mellom trias og jura har nyleg vorte målt til 201,58±0,28 millionar år sidan. Begge tidspunkta er så pass nøyaktige på grunn av meir nøyaktige radiometriske dateringar. Så funna tyder på at nedslaget skjedde før slutten av trias, om lag 10-12 millionar år før. Derfor er det lite truleg at dette nedslaget var årsaka til den observerte masseutryddinga.[13]

Desse utryddingane gjorde at dei overlevande dinosaurane kunne fylle ut nisjane som tidlegare hadde vore opptekne og dinosaurane vart langt meir dominerande, mangfaldige og talrike, noko dei skulle vere dei nesten 150 millionar åra. Den verklege «Dinosaur-tidsalderen» var jura- og krittida, og ikkje trias.

I Noreg endre

I Noreg har ein ikkje bergartar frå trias på fastlandet, men på Spitsbergen, Bjørnøya og kontinentalsokkelen langs kysten og under Nordsjøen er dei kjende. Sandstein frå trias på Statfjordfeltet er ein viktig reservoarbergart her.[s 1]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Triassic» frå Wikipedia på engelsk, den 23. august 2008.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Cesare Emiliani. (1992). Planet Earth : Cosmology, Geology, & the Evolution of Life & the Environment. Cambridge University Press. (Paperback Edition ISBN 0-521-40949-7)
    • Ogg, Jim; June, 2004, Overview of Global Boundary Stratotype Sections og Points (GSSP's) [1]
    • Stanley, Steven M. Earth System History. New York: W.H. Freeman og Company, 1999. ISBN 0-7167-2882-6
    • van Andel, Tjeerd, (1985) 1994, New Views on an Old Planet : A History of Global Change, Cambridge University Press
  1. Fil:Sauerstoffgehalt-1000mj.svg
  2. Fil:Phanerozoic Carbon Dioxide.png
  3. Fil:All palaeotemps.png
  4. McElwain, J.C., Punyasena, S.W. (2007). «Mass extinction events og the plant fossil record». Trends in Ecology & Evolution (10 utg.) 22: 548-557. doi:10.1016/j.tree.2007.09.003. 
  5. Retallack GJ Veevers JJ & Morante R (1996). «Global coal gap between Permian–Triassic extinctions og middle Triassic recovery of peat forming plants». GSA Bulletin 108 (2): 195–207. Henta 24. april 2008. 
  6. Payne, J.L., Lehrmann, D.J.; Wei, J.; Orchard, M.J.; Schrag, D.P.; Knoll, A.H. (2004). «Large Perturbations of the Carbon Cycle During Recovery from the End-Permian Extinction». Science (5683 utg.) 305: 506. doi:10.1126/science.1097023. 
  7. Lecture 10 - Triassic: Newark, Chinle
  8. 8,0 8,1 Stanley, 452-3.
  9. Tanner LH, Lucas SG & Chapman MG (2004). «Assessing the record og causes of Late Triassic extinctions» (PDF). Earth-Science Reviews 65 (1-2): 103-139. doi:10.1016/S0012-8252(03)00082-5. Henta 24. august 2008. 
  10. Ruben, J.A. og Jones, T.D. (2000). «Selective Factors Associated with the Origin of Fur og Feathers». American Zoologist 40 (4): 585–596. doi:10.1093/icb/40.4.585. 
  11. Nomade et al.,2007 Palaeogeography, Palaeoclimatology, Palaeoecology 244, 326-344.
  12. Marzoli et al., 1999, Science 284. Extensive 200-million-year-old continental flood basalts of the Central Atlantic Magmatic Province, s. 618-620.
  13. Hodych & Dunning, 1992.

Andre kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

Mesozoikum
Trias Jura Krit