Triestebukta (italiensk: Golfo di Trieste, slovensk: Tržaški zaliv, kroatis: Tršćanski zaljev, tysk språk: Golf von Triest) er ei grunn bukt heilt nord i Adriahavet. Ho er ein del av Veneziabukta, og er delt mellom Italia, Slovenia og Kroatia.

Triestebukta og kyststrøka

Bukta er avgrensa av ei tenkt linje frå Punta Tagliamento på den italienske kysten og Savudrija (Punta Salvore) i Kroatia. Arealet er om lag 1 000 km², og ho har eit middeldjup på 16 meter. På det djupaste er ho derimot 37 meter.

Bortsett frå dei flate småøyane som blokkerer inngangen til Laguna di Grado, er det ingen øyar i bukta. Austkysten med Trieste og den slovenske kysten er forholdsvis kupert. I Triestebukta finn ein òg fleire mindre bukter som Muggiabukta, Koperbukta (Capodistria) og Piranbukta (Pirano).