Trine Dietrichs

norsk politikar

Anne Cathrine Dietrichs (3. mars 18537. november 1932), også kjend som Trine Dietrichs, var ein norsk politikar og kvinnesaksaktivist. Ho var ei av de fyrste kvinnelege bystyrerepresentantane i Drammen, og ein førande medlem i Drammens kvinnesaksforening.

Trine Dietrichs
Fødd3. mars 1853
Tingvoll
Død7. november 1932 (79 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar, lærar, skribent
MedlemNorsk Kvinnesaksforening

Familie

endre

Trine Dietrichs var dotter av politimeisteren og seinare sorenskrivaren Christian Ferdinand Fredrik Dietrichs (1811–1861) og Johanne Erikka Søgaard Broch (1823–1904) av Broch.[1] Ho var ugift heile livet.

Liv og virke

endre

I 1875 blei Trine Dietrichs tilsett som lærar ved Bragernæs Offentlige Almueskole i Drammen, og frå 1892 var ho tilsynslærarinne ved folkeskulen på Bragernes.

Ved kommunestyrevalet i 1901 blei ho saman med Ottilie Bie vald inn i kommunestyret i Drammen. Dei var dei første kvinnene til å bli valde inn som representantar der.[2] Seinare sat ho også i formannskapet i kommunen.

Dietrichs var aktiv i Drammens kvinnesaksforening, og utarbeida i 1921 boka Beretning om Drammens kvinnesaksforening 25-årige virksomhet 19. mai 1896 – 19. mai 1921.

Bibliografi

endre
  • 1921: Beretning om Drammens kvinnesaksforening 25-årige virksomhet 19. mai 1896 – 19. mai 1921 utarbeidet av Thrine Dietrichs

Kjelder

endre
  1. Finne-Grønn, S.H. (1927). Legatslegten Broch. (Cammermeyers bogh.). s. 73. 
  2. Reistad, Gunhild Ramm (1996). Det startet på Bragernes torg for 100 år siden. [Foreningen]. s. 14. 

Bakgrunnsstoff

endre