Trinity College i Dublin
53°20′39″N 06°15′30″W / 53.34417°N 6.25833°W
Trinity College i Dublin | |||
| |||
Motto | Perpetuis futuris temporibus duraturam | ||
---|---|---|---|
Grunnlagt | 3. mars 1592 | ||
Stad | Dublin | ||
Studentar | 18 174 (2016) | ||
Medlemskap | Coimbragruppa, World Wide Web Consortium, ORCID | ||
Nettstad | https://www.tcd.ie/ (engelsk), https://www.tcd.ie/gaeloifig/gaeilge/index.ga.php (irsk) | ||
Trinity College 53°20′40″N 6°15′28″W / 53.3444°N 6.2577°W |
Trinity College, formelt Provost, Fellows and Scholars of the College of the Holy and Undivided Trinity of Queen Elizabeth near Dublin, irsk namn Coláiste na Tríonóide, Baile Átha Cliath er det einaste kollegiet ved University of Dublin, som er det eldste universitetet i Irland. Kollegiet vart oppretta i 1592 av Elisabeth I av England. Det ligg på College Green i sentrum av Dublin, rett ovanfor den gamle parlamentsbygningen som no tilhøyrer Bank of Ireland. Campus er på 190 000 m² med ei blanding av gamle og nye bygningar.
Ein av dei eldste skriftene i Irland, Book of Kells, er ein av hovudattraksjonane ved colleget, og trekkjer til seg mange turistar.
I praksis er kollegiet og universitetet same eining, og dei blir difor ofte kalla kollektivt University of Dublin, Trinity College. Det viktigaste unntaket frå dette er måten universitetsgrader vert gjevne på; kollegiet står for undervisinga, medan universitetet deler ut gradene.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Trinity College (Dublin)» frå Wikipedia på bokmål, den 26. mars 2013.