Troglav
Troglav er den høgaste toppen i fjellkjeda Dinara, og symboliserer Dei dinariske Alpane, den lengste fjellkjeda på Balkan. Troglav ligg i Bosnia-Hercegovina, og er kalla opp etter Triglav, ein slavisk gud. Namnet tyder bokstaveleg «med tre hovud».
Troglav | |||
fjell | |||
Land | Bosnia-Hercegovina | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Dei dinariske Alpane | ||
Høgd | 1 913 moh. | ||
Koordinatar | 43°57′N 16°36′E / 43.950°N 16.600°E | ||
Troglav 43°57′N 16°36′E / 43.95°N 16.6°E | |||
Kart som viser Troglav.
| |||
Wikimedia Commons: Troglav |
Troglavgruppa er rundt 30 km lang og 15 km brei, og den største i kjeda. På nordvestsida er fjellet skild frå Dinaragruppa av Privijapasset (1 230 m), og i søraust frå Kamešnicagruppa av Vaganjpasset (1 173 m), som knyter Sinj i Kroatia saman med Livno i Bosnia. På nordaustsida ligg den store karstsletta Livno (Livanjsko Polje; 700 m), som er 65 km lang. På sørvestsida, i Kroatia, ligg elvedalen Cetina med den 15 km lange innsjøen Peruča (Peručko jezero).
Den sørvestlege sida (kroatiske sida) stig oppover i få steg. Dei første stega stig opp til rundt 1 500-1 600 m. Opp til rundt 1 100 meter er fjellsida skogkledd, stort sett av eik og agnbøk, medan området over er graskledd. Bak ligg eit søkk, som er ein labyrint av toppar opp til 1 700 m, ryggar og platå, i lag med traktforma søkk inn i mellom. På ein del av platået kalla Vještičja Gora (rundt 1 400 m), sør for Troglav, er det ein større bøkeskog, som er godt synleg mot gras og stein i bakgrunnen. Bak dette området stig hovudryggen oppover.
Den nordaustlege sida (bosniske sida) er mykje brattare og stort sett skogkledd med bøk og gran.