Agnbøk
Agnbøk (Carpinus betulus) er eit lauvfellande tre i bjørkefamilien .
Agnbøk | |
Agnbøk | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Agnbøk | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Bøkeordenen Fagales |
Familie: | Bjørkefamilien Betulaceae |
Underfamilie: | Coryloideae |
Slekt: | Carpinus |
Art: | Agnbøk C. betulus |
Vitskapleg namn | |
Carpinus betulus |
Blada liknar blada hos bøk, men dei er dobbelt sagtakka, som blada hos hengebjørk. Blada heng på treet lenge utover vinteren, også dette likt bøk.
Treet vert i Noreg gjerne brukt i hekkar, men om det får vekse fritt, kan det bli meir enn 20 meter høgt. Frittveksande tre blomstrar hengande raklar samtidig med lauvsprett og får hengande klasar av nøttefrukter med dekorative vingar.
Agnbøk høyrer heime i Europa, Vesleasia og austover til Iran. Treet veks vilt i Sverige og Danmark, men i Noreg finst det ikkje naturleg. Likevel har det spreidd seg frå hagar og parkar slik at det veks naturalisert nokre få stader i Osloområdet
Veden er hard og har vore bruka til dørhandtak, treskruer, økseskaft og nav.
Bilde
endre-
Botanisk illustrasjon
-
Frø
-
Nyskot
-
På ettervinteren
-
Blad
-
Innsamla frø ved museum.
Kjelder
endreBakgrunnsstoff
endre- (no) Agnbøk hos Artsdatabanken
- (en) Agnbøk i Encyclopedia of Life
- (en) Agnbøk i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Agnbøk hos Dyntaxa
- (en) Agnbøk hos ITIS
- (en) Agnbøk hos NCBI
- (en) Agnbøk hos The International Plant Names Index
- (en) Agnbøk hos Tropicos
- (en) Kategori:Carpinus betulus – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Carpinus betulus – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Carpinus betulus – detaljert informasjon på Wikispecies
- Månedens plante: Agnbøk (Carpinus betulus) Arkivert 2015-04-18 ved Wayback Machine., Institutt for plante- og miljøvitenskap