TrollSat
TrollSat er ein landbasert satellittstasjon i Dronning Maud Land i Antarktis. Stasjonen har Kongsberg Satellite Services (KSAT) som eigar, og er tilknytt den norske forskingsstasjonen Troll. Stasjonen blei sett i drift 1. mars 2007[1] og blei offisielt opna 20. januar 2008.[2]
TrollSat | |||
| |||
TrollSat 72°01′00″S 2°32′00″E / 72.0167°S 2.53333°E |
---|
TrollSat hentar klima-, miljø- og meteorologidata frå satellittar i polarbane og vidareformidlar dei. Slike satellittar går rundt jorda 14 gongar i døgnet.
KSAT driv to polare jordstasjonar som er tilpassa satelittar i låg jordbane, der den andre er SvalSat i Longyearbyen på Svalbard.[3] Dette er dei einaste to jordstasjonane som kan kommunisera med alle banane til satellittar i låg jordbane.[4] Ved å bruka begge stasjonane kan ein lasta ned data to gonger per omflyging, tjueseks gonger per døgn, med ei forseinking på berre førti minutt.[5]
Kjelder
endre- ↑ «Trollsat to Serve Antarctica». 20. april 2007. Arkivert frå originalen 29. september 2012. Henta 29. september 2012.
- ↑ Molde, Eivind; Aune, Oddvin (20. januar 2008). «Stoltenberg bor i telt i Antarktis». NRK. Arkivert frå originalen 3. mars 2016. Henta 29. september 2012.
- ↑ «About Us». Kongsberg Satellite Services. Arkivert frå originalen 11. februar 2012. Henta 11. april 2012.
- ↑ Grønli, Kristin Straumsheim (13. desember 2006). «Øyet i himmelen laster ned på Svalbard». Forskning.no (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 3. desember 2011. Henta 14. mars 2012.
- ↑ «Troll Satellite Station (TrollSat) – Antarctica». Kongsberg Satellite Services. Arkivert frå originalen 7. juli 2010. Henta 4. oktober 2010.
- Denne artikkelen bygger på «TrollSat» frå Wikipedia på bokmål, den 12. desember 2022.