SvalSat er ein jordstasjon for satellittkommunikasjon som ligg på Svalbard. Det er Kongsberg Satellite Services som driv stasjonen. Sidan SvalSat ligg så langt nord som 78 grader, kan stasjonen ta imot data frå alle satellittar i polar bane, ved alle omløp. Dette gjer stasjonen unik i verdssamanheng. Det er er planlagt ein søsterstasjon i Antarktis

Svalsat på Platåberget, over Longyearbyen

Stasjonen tek imot data frå fleire kundar, og vert sentral i det nye navigasjonssystemet Galileo. Sidan Svalbard har fått filbertilknytting til fastlandet vart konkurransesituasjonen til SvalSat styrkt. Tidlegare måtte nedlasta data sendast til fastlandet via ein satellitt-link eller med fly.

Kjelder

endre