Trollhättanfalla

Trollhättefalla er ein foss- og strykstrekning i Göta älv i Sverige. Falla byrjar ved Malgöbrua i det sentrale Trollhättan, og har ei samla fallhøgd på 32 meter, noko som utgjer mesteparten av den totale høgdeskilnaden på 44 meter mellom Vänern og Kattegat. Då elva enno var uregulert var vassføringa i falla 900 m³/s, og falla strekte seg ned til Olidehålan, der den nedste delen vart kalla Helvetesfallet.

Trollhättanfalla
foss
Trollhättanfalla under «Fallens dagar» i 2004
Land  Sverige
Län Västra Götaland
Del av Göta älv
Totalt fall 32 m
Kart
Trollhättanfalla
58°16′54″N 12°16′42″E / 58.281666666667°N 12.278333333333°E / 58.281666666667; 12.278333333333
Wikimedia Commons: Trollhättan Falls
Trollhättanfalla mellom Ekeblad-slusa og Polhem-slusa i 1888.

I dag følgjer elva det opphavlege løpet sitt gjennom falla berre ved spesielle høve, for å regulere vasstanden i Vänern eller som ein turistattraksjon, til dømes under «Fallens dagar» som blir arrangert kvart år den tredje fredagen i juli. Vassføringa er då rundt 300 m³/s.

Den attverande vassføringa utnyttast til energiproduksjon i dei to kraftverka Hojum og Olidan på austsida av elva. Allereie rundt hundreårsskiftet vart ein del av vasskrafta nytta i samband med småindustri på den austre elvebreidda.

Trollhättefalla har gjennom hundreåra fascinert vitjande og turistar frå fjern og nær, og er i dag ein av dei fremste turistattraksjonane i Vest-Sverige.

Kjelder endre