Tromboseprofylakse

Tromboseprofylakse er ein behandling som skal førebyggja levring av blod i årene (trombose).

Antikoagulantar endre

Antikoagulantar vert først og fremst nytta for å førebyggja venøse trombosar, eller blodlevringar/koagulasjon, som til dømes djup venetrombose og den potensielt dødlege konsekvensen av dette, pulmonære emboli, eller lungeblodpropp. Ein pasient kan trengja tromboseprofylakse særskilt rundt ein operasjon, men kan og nyttast for pasientar som treng det av andre grunnar som til dømes på grunn av atrieflimmer eller hjå pasientar med kunstige hjarteklaffar.

Det finst mange ulike antikoagulantar. Dei viktigaste er warfarin som kjem i tablettform, og heparin og lågmolekylære heparinar som må injiserast. Warfarin hemmar syntesen av vitamin K som er viktig i vidare danning av koagulasjonsfaktorar. Heparin er eit protein som aktiverer antitrombin III, eit stoff i blodet som hemmar koagulasjon.

Antiblodplatemiddel endre

Antiblodplatemiddel førebygg trombosar særskilt i arteriar. Det mest kjende av desse er acetylsalisylsyre, men det finst òg andre lækjemiddel som dipyridamol, sulfinpyrazon, abciximab, ticlopidin og clopidogrel. Desse verkar på ulike måtar hemmande på blodplatene som er ein viktig deltakar i blodlevringsmekanismen.