Tromedja
(Omdirigert frå Tromeđa)
Tromedja (albansk Tromegja, serbisk Тромеђа, Tromeđa) er eit fjell i Bogićevica-området i Prokletijefjella. Det har ei høgd på 2366 meter over havet og dannar ein del av grensa mellom Albania, Kosovo og Montenegro. Albania ligg på sørsida av fjellet, Kosovo i nordaust og Montenegro i nordvest. Det går ein dal mellom den albanske og kosovoiske delen av fjellet. Landsbyen Debërdol i Albania ligg nær toppen av fjellet.
Tromedja | |||
fjell | |||
Land | Albania, Montenegro Kosovo | ||
---|---|---|---|
Tromedja 42°33′19″N 20°04′44″E / 42.555277777778°N 20.07889°E | |||
Wikimedia Commons: Trekufiri |
Denne geografiartikkelen som har med Albania og Kosovo å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.