Tromsøbadet
Tromsøbadet er eit badeanlegg på Tromsøya i Troms fylke.[1]
Tromsøbadet | |||
| |||
Tromsøbadet sett frå nordvest Foto: Harald Groven | |||
Tromsøbadet 69°40′28″N 18°57′18″E / 69.674381°N 18.954866°E |
---|
Badeanlegget vart opna 24. august 2019.[2] Anlegget inneheld mellom anna eit stort badebasseng, stupetårn (5 m, 7,5 m og 10 m), to vassklier på 30 og 70 meter,[3] 34 °C utebasseng og bølgjebasseng.[4] Anlegget har òg ein stor innandørs klatrevegg.
Sidan anlegget ligg nokså sentralt på Tromsøya, og nært til lysløype og stiar på Tromsøya, er det tilrettelagt med sykkelparkeringsplassar og plass til 108 par ski rett utanfor døra. Det er òg godt bussamband og parkeringsplassar for bil.[1]
I anlegget er det dessutan butikk og ein kafé. Tromsøbadet driv også svømmeopplæring.[5]
Tromsøbadet er utsmykka med kunst av Arnold Johansen, Marit Ellisiv Landsend, Kåre Aleksander Grundvåg og Tegson.[6]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Hvordan kommer du deg hit? - Tromsøbadet», Tromsøbadet (på norsk bokmål), henta 16. november 2022
- ↑ «Pangstart for Tromsøbadet - Tromsøbadet», Norsk (på norsk bokmål), henta 16. november 2022
- ↑ «Vannsklier - Tromsøbadet», Norsk (på norsk bokmål), henta 16. november 2022
- ↑ «Bølgebasseng - Tromsøbadet», Tromsøbadet (på norsk bokmål), henta 16. november 2022
- ↑ «Informasjon - Tromsøbadet», Tromsøbadet (på norsk bokmål), henta 16. november 2022
- ↑ «Kunst som overrasker og utfordrer - Tromsøbadet», Norsk (på norsk bokmål), henta 16. november 2022
- Denne artikkelen bygger på «Tromsøbadet» frå Wikipedia på bokmål, den 16. november 2022.