Trongfjorden er ein fjord som ligg mellom kommunane Surnadal og TingvollNordmøre i Møre og Romsdal fylke. Han er er ei fortsetjing av Halsafjorden og strekkjer seg 4 km søraustover til Breifjorden.

Fjorden har innløp i nord mellom Svinneset i vest og Bøkleppen i aust. Den sørlege grensa går mellom Aksneset i vest og Båtvikneset i aust. Fjorden har ikkje vegsamband langs dei to sidene, men det ligg eit par isolerte gardar her.