18°39′N 72°08′W / 18.650°N 72.133°W / 18.650; -72.133

Trou Caïman is located in Haiti
Trou Caïman avmerkt på Haiti-kartet

Trou Caïman (bokstavleg «Kaimanhòlet» på fransk, nokre gonger kalla Eau Gallée lokalt) er ein saltsjø ved byen Thomazeau i Haiti som er kjend for gode moglegheiter for fuglekikking. Innsjøen er 9 km lang og 3 km brei, og har eit areal på om lag 16 km².[1]

Han ligg nordvest for Croix-des-Bouquets i departementet Ouest, og i låglandet Plaine du Cul-de-Sac i nærleiken av fleire større saltsjøar som Etang Saumâtre i Haiti og Enriquillosjøen i Den dominikanske republikken.

Fuglar ein kan sjå ved sjøen er mellom andre hegre, flamingo, sivhøne, ringnebbdykkar, ibis og rikse.

Kjelder

endre

Referansar

endre
  1. Haiti – A Basic Reference Book av Patricia Schutt-Ainé m.fl. (Miami i Florida: Librairie Au Service de la Culture, 1994), s. 22.