True Love av Cole Porter

True Love
Singel av Richard Chamberlain
frå albumet Richard Chamberlain Sings
B-side

«I Will Love You»

Språk engelsk
Utgjeve 1963
Lengd 2:17
Selskap MGM
Komponist Cole Porter
Tekstforfattar Cole Porter
Låtskrivar(ar) Cole Porter
Richard Chamberlain-kronologi 
All I Have to Do Is Dream / Hi-Lili, Hi-Lo
(1963)
True Love Blue Gitar
(1963)


True Love
Singel av George Harrison
frå albumet Thirty Three & 1/3
B-side

«Pure Smokey»

Språk engelsk
Utgjeve 18. februar 1977
Lengd 2:45
Selskap Dark Horse
Komponist Cole Porter
Tekstforfattar Cole Porter
George Harrison-kronologi 
«Crackerbox Palace»
(1977)
True Love «It's What You Value»
(1977)


«True Love» er ein popsong skriven av Cole Porter og publisert i 1956. Songen vart introdusert av Bing Crosby og Grace Kelly i musikalfilmen High Society.[1] Crosby–Kelly-versjonen, akkompagnert av studioorkesteret til Johnny Green hos MGM nytta eit romantisk arrangement av Conrad Salinger, som òg har ein populær versjon av songen, som nådde fjerdeplassen på singellista i USA.[2]

Kelly medverka relativt lite på songen, og song bere duett med Bing på det siste refrenget. Singelen vert likevel rekna som ein av hennar og vart den einaste gullplata hennar og den 21. gullplata til Bing Crosby.

Andre innspelingar endre

Ein versjon av songen av Jane Powell kom ut på same tida som Crosby–Kelly-versjone framleis var populær. Elvis Presley spelte inn ein versjon for det populære albumet hans Loving You frå 1957.[3] Ricky Nelson tok med ein versjon av songen på debutalbumet sitt Ricky frå 1957.[4] Shelley Fabares spelte inn ein versjon av songen på albumet hennar Shelley! som kom ut i 1962.[5] Al Hirt gav ut ein versjon på albumet Trumpet and Strings i 1962.[6] The Everly Brothers spelte inn ein versjon for i 1962 for albumet Instant Party utan noko særleg suksess..[7] I 1961 spelte Patsy Cline inn songen på det andre studioalbumet hennar, Patsy Cline Showcase.[8] Andre versjonar som oppnådde suskess var mellom andre Jack Jones i 1965, som siste melodi for There's Love and There's Love and There's Love, eit album av romantiske klassikarar arrangert av Nelson Riddle;[9] Singelen til Richard Chamberlain i 1963 nådde 30. plassen,[10] ein versjon frå 1976 av George Harrison frå albumet Thirty Three & 1/3[11] gjeve ut på singel i 1977,[12] ein versjon frå 1988 av Shakin' Stevens, ein duett i 1993 av Elton John og Kiki Dee og eit album av Connie Francis. Gruppa Oasis spelte inn ein versjon for det sjølvoppkalla albumet deira i 1984.[13] Anne Murray spelte inn songen for albumet hennar Croonin' (1993).[14] Neil Diamond spelte inn songen i 1998 for albumet The Movie Album: As Time Goes By.[15]

Kjelder endre

  1. High Society (1956) - Soundtracks frå Internet Movie Database
  2. «BING CROSBY | Artist». Official Charts. Henta 20. september 2013. 
  3. Eder, Bruce. «Loving You - Elvis Presley : Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 20. september 2013. 
  4. Ruhlmann, William. «Ricky - Rick Nelson : Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 20. september 2013. 
  5. Adams, Greg. «Shelley!/The Things We Did Last Summer - Shelley Fabares : Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 20. september 2013. 
  6. Al Hirt, Trumpet and Strings Henta April 8, 2013.
  7. Liner notes for The Everly Brothers "Instant Party"
  8. Patsy Cline's Recording Sessions - The Decca Years
  9. Ankeny, Jason. «She Loves Me/There's Love & There's Love & There's Love - Jack Jones : Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 20. september 2013. 
  10. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 99. ISBN 1-904994-10-5. 
  11. Ruhlmann, William. «Thirty Three & 1/3 - George Harrison : Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 20. september 2013. 
  12. Calkin, Graham. «George Harrison - True Love». Jpgr.co.uk. Henta 20. september 2013. 
  13. «Oasis - Oasis : Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 20. september 2013. 
  14. Cooper, Dan. «Croonin' - Anne Murray : Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 20. september 2013. 
  15. Gallucci, Michael. «The Movie Album: As Time Goes By - Neil Diamond : Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 20. september 2013.