Underbukse
(Omdirigert frå Truse)
Truse eller underbukse er undertøy for underkroppen. Ein har henne på seg under overkleda for å verna kjønnsorgana mot kulde og irritasjon frå røffare tøy, og for å verna dei andre kleda mot tilgrising. I dag blir truser òg brukte som moteplagg og for å verka sexy.
Underbuksetypar
endreUnderbukser kan dekka store delar av underkroppen eller vera laga av svært lite materiale.
Lange underbukser er bukser som går heilt ned til anklane. Dei blir brukte under langbukser når det er svært kaldt.
Suspensorium og jockstrap er minimale underbuksetypar som let kroppen sleppa frå seg overflødig varme og samstundes hindrar testiklane i å bevega på seg under valdsam rørsle, som i fleire idrettsgreiner.
Galleri
endre- Undertøy
-
Bokser briefs for menn
-
Truse for menn
-
Kvinner med truser under løfta skjørt.
-
Langt undertøy for menn
-
G-streng for menn
-
G-streng for kvinner
-
Bomullsundertøy med lengre bein[1]
Kjelder
endre- ↑ Tekstilindustrimuseet. «Underbukse» (på norsk). DigitaltMuseum. Henta 15.12.2022.