Opna hovudmenyen

Trygve Bjerkrheim (26. august 190427. februar 2001) var redaktør og forfattar av dikt og songar. Han var født i Bjerkreim i Rogaland, men flytta med familien til Løken i Høland som liten og voks opp der. Bjerkrheim utdanna seg til cand. theol. og blei tilsett som redaktør for bladet Kineseren i 1936, eit blad som like etter fekk namnet Utsyn, og som er hovudorgan for Norsk Luthersk Misjonssamband. Som forfattar har han skrive fleire tusen dikt og songar som finst i nær alle kristne song- og salmebøker i Noreg.

Trygve Bjerkrheim
Fødd 26. august 1904
Død

27. februar 2001

Yrke redaktør, journalist, lyrikar

BakgrunnsstoffEndra