Trys kryžiai
Trys kryžiai («Tre krossar») er eit monument i Vilnius i Litauen utforma av Antoni Wiwulski.
Trys kryžiai | |||
| |||
Trys kryžiai i Vilnius i solnedgang. | |||
Arkitekt | Henrikas Kęstutis Šilgalis | ||
---|---|---|---|
Trys kryžiai 54°41′12″N 25°17′51″E / 54.6867363°N 25.2975462°E |
Historie
endreDet vart bygd i Kalnų Park på åsen Trys kryžiai (òg kalla Plikasis kalnas) i 1916 på staden der det hadde stått tre krossar av tre sidan 1636. Trekrossane fall saman i 1869 og tsariststyresmaktene lét dei ikkje byggast opp att. Det nye monumentet av Antoni Wiwulski vart reist i skul i 1916. Det vart sprengt i stykke på ordre frå den sovjetiske regjeringa 30. mai 1950, men vart til 14. juni 1989 bygd opp att.
Dei tre krossane er bygd i betong og måla kvite. Krossane er i dag 1,8 meter høgare enn dei som vart reist i 1916. Frå toppen av åsen har ein eit flott utsyn over gamlebyen i Vilnius.
Biletgalleri
endre-
Trys kryžiai om våren
-
Trys kryžiai om sommaren
-
Gamlebyen i Vilnius sett frå toppen av åsen
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Three Crosses» frå Wikipedia på engelsk, den 23. januar 2008.