Tsjasjka
Tsjasjka (makedonsk Чашка; albansk Çashkë) er ein landsby og ein kommune i regionen Vardar i Nord-Makedonia. Den noverande kommunen vart oppretta i 2004 ved at ein slo saman dei tre tidlegare kommunane Tsjasjka, Bogomila og Izvor, samstundes som landsbyane Gorno Jaboltsjisjte, Dolno Jaboltsjisjte og Drenovo vart overførde frå Veles.
Tsjasjka Чашка Çashkë | |||
---|---|---|---|
Utsyn over Tsjasjka | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land Statistisk region |
Nord-Makedonia Vardar | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
819,45 km² | ||
Innbyggjarar[1] - By (2021) - folketettleik |
7 942 9,69/km² | ||
Koordinatar | 41°39′2″N 21°39′43″E / 41.65056°N 21.66194°E | ||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||
Plassering | |||
Plasseringa til Tsjasjka i Nord-Makedonia |
Kommunen har eit areal på 819,45 km2 og hadde 7 942 innbyggjarar ved folketeljinga i 2021.[1]
I 2002 hadde kommunen 7 673 innbyggjarar,[2] den tidlegare kommunen Tsjasjka hadde 2 878, medan sjølve landsbyen hadde 1 471 innbyggjarar.[3] Dei største busetnadene i kommunen var:
Busetnad | Folketal 2002[3] |
---|---|
Gorno Jaboltsjisjte | 1 741 |
Tsjasjka | 1 471 |
Melnitsa | 743 |
Dolno Jaboltsjisjte | 718 |
Izvor | 480 |
Bogomila | 476 |