Veles (makedonsk Велес) er ein by ved elva Vardar og ein kommune i regionen Vardar i Nord-Makedonia. Kommunen fekk sitt noverande omfang i 2004, då landsbyane Gorno Jaboltsjisjte, Dolno Jaboltsjisjte og Drenovo vart overførde til kommunen Tsjasjka.

Veles
Велес
Klokketårn i Veles
Klokketårn i Veles
Klokketårn i Veles
Byvåpenet til Veles
Byvåpenet til Veles
Styresmakter
Land

Statistisk region
Nord-Makedonia
Vardar
Borgarmeister Trifun Kostovski
Geografi
Flatevidd
 - By

427,45 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2021)
   - folketettleik

48 463
  113,4/km²
Koordinatar 41°43′12″N 21°47′36″E / 41.72000°N 21.79333°E / 41.72000; 21.79333
Høgd over havet 206 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 1400
Telefon-retningsnummer +389 043
Bilnummer VE
Heimeside: veles.gov.mk/
Plassering
Plasseringa til Veles i Nord-Makedonia
Plasseringa til Veles i Nord-Makedonia
Plasseringa til Veles i Nord-Makedonia

Kommunen har eit areal på 427,45 km2 og hadde 48 463 innbyggjarar ved folketeljinga i 2021.[1]

I 2002 hadde kommunen 55 108 innbyggjarar, medan sjølve byen Veles hadde 43 716 innbyggjarar.[2][3]

Byen er kalla opp etter den slaviske guden Veles. Etter den andre verdskrigen vart byen kalla Titov Veles etter den jugoslaviske presidenten Josip Broz Tito, men 'Titov' vart fjerna då Makedonia vart ein sjølvstendig nasjon.

Busetnader i kommunen endre

Dei største busetnadene i kommunen var:

Busetnad Folketal 2002[3]
Veles 43 716
Prevalets 2 974
Gorno Orizari 2 262
Buzalkovo 1 456
Ivankovtsi 857

Kjelder endre

Referansar endre